Rådmann - Vik kommune

Vik kommune arbeider for å vidareutvikle kommunen som ein attraktiv og god kommune å vekse opp og bu i. Vår nye rådmann vil stå sentralt i dette arbeidet. Me søkjer ein trygg, tydeleg og samlande rådmann, med god økonomiforståing. Du må kunne syne til gode resultat som leiar. Vidare vil vi vektlegge erfaring frå omstillings- og utviklingsarbeid, og god innsikt i kommunal forvaltning. Kjennskap til kraftmarknaden vil vera ein fordel.

Søkjarar må ha relevant høgare utdanning. Me kan tilby løn etter avtale og ein utfordrande leiarstilling der du saman med dyktige medarbeidarar vil få ein sentral rolle i kommunen si vidare utvikling.

Om du ønskjer fleire opplysningar om stillinga kan du kontakte ordførar Olav Turvoll tlf. 979 52 501 eller ein av våre rådgjevarar hjå Headvisor, Jan Tveit tlf. 975 39 990 / Bjørn Horne tlf. 911 61 390. Søknad med CV innan 18.06 2019.