Leiar digitalisering og innovasjon (CDO) - Nordhordland

For å styrka kommunane si fellessatsing på digitalisering og innovasjon søkjer vi etter Leiar digitalisering og innovasjon (CDO)

Som leiar for digitalisering og innovasjon vil du få ei unik mogelegheit til å kunne vidareutvikla tenestene i kommunane.

Arbeidsoppgåver innan digitalisering og innovasjon

  • Leia kommunane si fellessatsing på digitalisering og innovasjon som skal understøtta tenesteutvikling i kommunane.

Dette skal skje i nær dialog med kommunane, brukarane, Iktnh og våre samarbeidspartar

  • Etablere, leia og utvikle eit fagmiljø med 3-4 personar som kan bistå kommunane i digitaliseringsprosessar
  • Førebu og leggje fram strategiske planar og årlege handlingsplanar
  • Ansvar for verksemdarkitektur, prosjekt- og porteføljestyring, innkjøpsstrategi
  • Ansvarleg representant og koordineringspunkt for regionale og nasjonale initiativ
  • Budsjett- og økonomiansvar

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • God fagkunnskap og erfaring frå digitalisering
  • Erfaring frå leiarposisjonar/ sr. konsulent miljø
  • God gjennomføringskraft
  • Evnar å jobbe både operasjonelt og strategisk
  • God forståing for både privat næringsliv- og kommunesektoren

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner- både skriftleg og munteleg
  • Du er fagleg og personleg tillitsvekkande
  • Du må vera strukturert, utviklingsorientert og ha gjennomføringskraft
  • Du er ein relasjonsbyggjar, open og involverande
  • Ydmjuk og diplomatisk, men samtidig tydeleg og trygg

For meir informasjon og spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Leiar for strategigruppen for digitalisering og innovasjon Åse Elin Myking tlf. 957 80 377 eller våre rådgjvarar hjå Headvisor, Bjørn Horne tlf. 911 61 390 eller Bjørn Alsterberg tlf. 913 34 865.

Søknad med CV sendes innan 1. september 2019.

Alle spørsmål til Headvisor vert handsama fortrulig inntil anna er avtalt.