Kommunedirektør/rådmann - Herøy kommune

Vi ser etter ny toppleiar!

Den som vert tilsett skal vidareutvikle ein profesjonell og framtidsretta kommuneorganisasjon og inngår i tett samspel med politikarar, medarbeidarar, tillitsvalde, næringsliv og innbyggjarar.

Vår nye kommunedirektør/rådmann er uredd og skal vere synleg i si daglege leiing.

Herøy kommune skal vere ein best mogleg stad å bu, arbeide og besøke. Derfor er utvikling og nytenking, verdiar som er viktige for Herøy kommune.

Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp og gjennomføre politiske vedtak, mål og handlingsplanar
  • Leie og utvikle organisasjonen gjennom samspel, utvikling og nytenking
  • Bygge tillit og godt omdøme
  • Utøve trygg økonomisk styring og planlegging innafor vedtekne rammer

Ønskja kvalifikasjonar

  • Leiarerfaring og kunnskap om kommunalforvaltning
  • Høgare utdanning
  • God økonomi- og digitalforståing

Personlege eigenskapar

  • Evne til å motivere, skape entusiasme og tillit
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjå heilskapar og vere samlande
  • Oppteken av relasjonar og ser dei rundt seg
  • Like utfordringar, vere god på å tenkje nytt og uredd for endringar
  • Engasjement for samfunnsoppdraget, demokrati og lokalsamfunn

Personleg eigenskapar vil verte særleg vektlagde.

Vi tilbyr

  • Ei spanande leiarstilling med høve for fagleg utvikling
  • Rom for å vidareutvikle ein organisasjon med engasjerte og motiverte medarbeidarar
  • Gode og konkurransedyktige vilkår

Opplysingar om søkjarar kan bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det jf. offentleglova § 25. Du må grunngje i søknaden om du ønskjer å reservere deg mot oppføring på offentleg søkjarliste jf. offentleglova § 25.

For nærare informasjon om stillinga kan du kontakte vår rådgjevar i Headvisor, Kirsti Kalseth Sjøhaug, tlf. 977 31 680 eller ordførar i Herøy kommune, Bjørn-Halvor Prytz, tlf. 473 93 108. Søknadsfrist er 18. mars 2020, men vi ønskjer gjerne at du viser interesse i god tid før fristens utløp.