Kommunedirektør - Sykkylven kommune

Vil du vere med og utvikle eit framtidsretta lokalsamfunn?

Vi søkjer ein samlande og løysningsorientert toppleiar som kan kombinere eit tydeleg og strategisk leiarskap med handlekraft og evne til å prioritere og gjennomføre vedtak. Du evner å byggja tillit, viser god rolleforståing og trivst i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon. Du har relevant leiarerfaring, god innsikt i kommunal forvaltning og økonomi, og er oppteken av kommunen si rolle som samfunnsutviklar.

Sentrale arbeidsoppgåver for kommunedirektør vil vere:

  • oppteken av kommunen si rolle som samfunnsutviklar både lokalt og regionalt
  • tilretteleggjar for god og effektiv tenesteproduksjon i nært samarbeid med politisk leiing
  • økonomisk styring og effektiv drift som sikrar driftsbalanse og eit økonomisk handlingsrom
  • etablere gode relasjonar med administrasjon, politikarar, innbyggjarar samt organisasjons- og næringsliv i kommunen og regionen
  • sikre at kommunen til ei kvar tid har riktig organisering og fagleg kompetanse i organisasjonen som er tilpassa arbeidsoppgåvene
  • ha fokus på målstyring og resultatoppfølging og gjennomfører gode planprosessar med fokus på heilskapleg styring og forpliktande resultatdialog
  • vere bindeleddet mellom det politiske og administrative system og ein god støttespelar som har mot til å delegere og gi medarbeidarane rom til å handle
  • ein god representant for kommunen på ulike samarbeidsarenaer

Vi søkjer etter deg som:

  • har høgare utdanning, relevant leiarerfaring og god økonomiforståing
  • har erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid og digitalisering som fagområde
  • viser god forståing for rolledeling mellom administrativ og politisk styring og har god innsikt i kommunal forvaltning
  • har god prosesskompetanse og er kjent for å vere ein lyttande lagspelar
  • har ein motiverande og tydeleg leiarstil
  • er handlings- og utviklingsorientert
  • har erfaring frå representasjon og eksponering i media

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Vi tilbyr ei utfordrande og spennande leiarstilling, der du saman med dyktige medarbeidarar vil få ei sentral rolle i kommunen si vidare utvikling. Lønn etter avtale.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjarane kan offentleggjerast sjølv om det er bede om konfidensiell behandling. Søkjarane vert i tilfelle varsla på førehand om dette.

For nærmare informasjon, kontakt gjerne vår rådgjevar i Headvisor, Kirsti Kalseth Sjøhaug, tlf. 977 31 680 eller ordførar i Sykkylven kommune, Odd Jostein Drotningshaug, tlf. 932 55 516. Søknadsfrist er 15. april 2020, men vi ønskjer gjerne at du viser interesse i god tid før fristens utløp.