Business Controller - Lingalaks AS

Ærleg, kvalitet og framtidsretta er våre viktigaste verdiar som skal leda oss mot vår visjon; å vera den føretrekte sjømatprodusenten.


Me er no på jakt etter ein Business Controller som skal støtta både leiinga og produksjonen med analyser, og bidra i ulike prosjekt innan både digitalisering, drift, innkjøp og logistikk. Du må evne å komme med forslag til forbetringstiltak og bidra til implementering av desse. Det vil vera fokus på digitalisering og effektivisering av prosesser. Rolla vil rapportere til Økonomi- og Administrasjonssjef i selskapet.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Utarbeida økonomiske analyser
  • Oppfølgjing og rapportering av resultat, særleg mot produksjonen
  • Evaluering og benchmarking av drifta
  • Kvalitetssikre budsjett og budsjettprosess
  • Sentral i selskapets utvikling i digitalisering og rapportering
  • Etablering og utvikling KPI'er og måltall
  • Identifisera moglegheiter for forbetringar og foreslå praktiske tiltak

Ynskja kvalifikasjonar:

  • Høgare økonomisk utdanning
  • Det er ei fordel om du har nokre års arbeidserfaring, men nyutdanna er også velkomne til å søkje
  • Erfaring frå produksjonsrelatert miljø vil vera ein fordel
  • Erfaren brukar av BI-verktøy og god Excel kunnskap

Me ser etter deg som:

  • Er analytisk, kommersiell, produksjonsretta og forretningsorientert
  • Har god økonomisk og strategisk forståelse
  • Er sjølvstendig og tek initiativ
  • Har høg arbeidskapasitet og energinivå
  • Er fleksibel og evnar å handtera mange «jern i elden»

Me kan mellom anna tilby:

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver i ei framtidsretta bedrift i rask utvikling
  • Kultur med fokus på berekraft, miljø og fiskevelferd
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling – store moglegeheiter til å påverke
  • Stor organisasjon, med mange eigarskap. Følgjer fisken i store delar av «verdikjeda»
  • Lokalt forankra selskap som forsyner verdsmarknaden med kvalitetsfisk
  • Konkurransedyktige vilkår

Ved spørsmål, kontakt ein av våre rekrutteringsrådgjevarar i Headvisor; Janne Siri Horne tlf. 907 21 164 eller Bjørn Horne tlf. 911 61 390.. Kortfatta søknad med CV sendes snarast og innan 23. august.