Administrerande direktør - Helse Vest IKT

Administrerande direktør i Helse Vest IKT har ansvaret for den daglege leiinga av selskapet, og skal i tett samspel med helseføretaka og brukarane vidareutvikle selskapet som eit strategisk og operativt verkemiddel for utvikling og trygg drift innan IKT området for helseføretaka i regionen. Vi søkjer ein samlande, synleg, pedagogisk og resultatorientert leiar med stor arbeidskapasitet og evne til å stå i krevjande prosessar over tid. Du har solid leiarerfaring på strategisk nivå i større komplekse kompetanseverksemder, og hatt ansvar for prosessar der digital transformasjon og IKT har vore viktig for utvikling av kjerneverksemda. Det er ein føresetnad å ha leia på strategisk nivå i grensesnittet mellom fag, leiing, økonomi og politikk og ha kjennskap til offentleg sektor.

For meir informasjon om stillinga kontakt vår rådgjevar i prosessen, Per Inge Hjertaker hos Headvisor, tlf. 91729682, eller styreleiar Inger Cathrine Bryne, tlf. 91356788. Kortfatta søknad med CV snarast og seinast 8. november 2020.