Produksjonssjef - Ænes Inkubator AS

Ænes Inkubator vil bli eit topp moderne RAS-anlegg, beståande av fem avdelingar med kvar sin karhall og tilhøyrande vassrenseanlegg. I tillegg vil anlegget innehalde klekkjeri, vassinntak i elv og sjø, vaksinasjonshall, og ulike støttefunksjonar. Bygningsmassen vil ha ei samla grunnflate på ca. 10.000 kvadratmeter, og karvolum på ca 13.500 m3.

Vi er nå på jakt etter ein Produksjonssjef/Produksjonsleiar i nyoppretta stilling. Rolla vert sentral i leiargruppa og i den vidare utviklinga av anlegget. Som Produksjonssjef/Produksjonsleiar har du det overordna ansvaret for smoltproduksjonen, herunder å sikra leveranse og kvalitet. Du skal bidra til å byggje opp, drifte og utvikle organisasjonen og produksjonen.

Sentrale arbeidsoppgåver;

  • Samarbeid mellom selskapet og eigarselskapa
  • Sikra at produksjonen er ihht. regelverkskrav, retningslinjer, behov og andre interne/eksterne krav selskapet har
  • Utarbeide og følgje opp produksjonsplanar som skal sikre at konsesjonsvolumet vert utnytta optimalt
  • Ansvarleg for å følgje opp planer for foring, fiskehelse, levering og rapportering
  • Delta i utarbeiding og oppfølging av bedriftas internkontrollsystem
  • Utarbeiding og oppfølging av prosedyrer, retningslinjer, avvikshandtering mm. som skal bidra til god biologisk og økonomisk styring av bedrifta, samt stort fokus på HMS

Ynskja kvalifikasjonar;

  • Erfaring med produksjon og leiing
  • Erfaring med settefiskproduksjon, helst RAS-teknologi
  • Erfaring med bruk av HMS- og kvalitetssystem
  • Erfaring med budsjett og økonomistyring
  • Høgare relevant utdanning. Relevant erfaring kan kompensere for deler av utdanningskravet

Vi ser etter deg som er;

  • Team-orientert
  • Engasjert
  • Strukturert
  • Nøyaktig
  • Etterretteleg
  • Fleksibel

Vi kan mellom anna tilby;

  • Ei nøkkelrolle i oppbygging av eit nytt og moderne settefisk-anlegg med solide, lokale eigarar i ryggen
  • Spanande oppgåver med å få sett eit nytt og moderne RAS-anlegg i full drift
  • Bidra i oppbygging av ein kompetent og engasjert organisasjon
  • Samarbeid med kundar, eigarselskapa og tilgang til desse organisasjonanes profesjonelle miljø

Er dette noko for deg?
Ved spørsmål kontakt ein av våre rådgjevarar hjå Headvisor; Bjørn Horne (91161390) eller Janne Siri Horne (90721164). Kortfatta søknad med CV sendes snarast. Alle spørsmål til våre rådgjevarar vert handsama fortruleg inntil anna er avtala.