Kvalitetsansvarleg - Ænes Inkubator

Ænes Inkubator vil bli eit topp moderne RAS-anlegg, beståande av fem avdelingar med kvar sin karhall og tilhøyrande vassrenseanlegg. I tillegg vil anlegget innehalde klekkeri, vassinntak i elv og sjø, vaksinasjonshall, og ulike støttefunksjonar. Bygningsmassen vil ha ei samla grunnflate på ca. 10.000 kvadratmeter, og karvolum på ca 13.500 m3.


Vi er på jakt etter ein Kvalitetsansvarleg i nyoppretta stilling. Rolla vert sentral i leiargruppa og i den vidare utviklinga av anlegget. Som Kvalitetsansvarleg har du det overordna ansvaret for å utvikla og følge opp internkontrollsystemet Landax. Du skal gjennom dette arbeidet bidra til å byggje opp, drifte og utvikle organisasjonen og produksjonen.

Sentrale arbeidsoppgåver;

  • Oppbygging og oppfølging av internkontrollsystem, Landax, ihht. lover, forskrifter og sertifiseringsordningar
  • Etablere revisjonsplanar, samt planlegge og gjennomføre intern- og eksternrevisjonar
  • Pådrivar og støttefunksjon for tilsette og leiing
  • Utvikling av rutinar og instruksar for kvalitetssikring
  • Intern kursing og opplæring av brukarar av kvalitetssystemet
  • Aktiv deltaking i planleggingsprosessar
  • Utarbeide og vedlikehalde plan for HMS-arbeidet

Ynskja kvalifikasjonar;

  • Erfaring frå kvalitetsarbeid, helst som ansvarleg
  • Erfaring frå produksjonsverksemd. Erfaring frå bransjen er ein fordel
  • Gode system- og IT-kunnskapar
  • Høgare relevant utdanning, gjerne innan kvalitet og HMS. Relevant erfaring kan kompensere for deler av utdanningskravet

Vi ser etter deg som er;

  • Team-orientert, men samtidig sjølvstendig og som tek initiativ
  • Engasjert og fleksibel
  • Strukturert og nøyaktig
  • Etterretteleg
  • God til å kommunisera, både munnleg og skriftleg

Vi kan mellom anna tilby;

  • Ei nøkkelrolle i oppbygging av eit nytt og moderne settefiskanlegg med solide, lokale eigarar i ryggen
  • Spanande oppgåver med å få sett eit nytt og moderne RAS-anlegg i full drift
  • Stor innflytelse og påverkingskraft i utarbeiding av vårt internkontrollsystem
  • Bidra i oppbygging av ein kompetent og engasjert organisasjon
  • Samarbeid med kundar, eigarselskapa og tilgang til desse organisasjonanes profesjonelle miljø
  • Gode løns- og pensjonsordningar

Er dette noko for deg?
Ved spørsmål kontakt ein av våre rådgjevarar hjå Headvisor; Bjørn Horne (91161390) eller Janne Siri Horne (90721164). Kortfatta søknad med CV sendes snarast og innan 01.08.2021. Alle spørsmål til våre rådgjevarar vert handsama fortruleg inntil anna er avtala.

Ænes Inkubator skal lysa ut mange spanande stillingar som driftsteknikarar i tida som kjem. Dersom du har bakgrunn frå mellom anna akvakultur, tekniske/mekaniske fag, prosessindustri eller jordbruk , følg med!
Rekrutteringsprosessen startar til hausten