Seksjonssjef NAV Økonomiteneste

Spanande leiarstilling med nasjonalt ansvar i vakre omgjevnader

Vil du vere med og utvikle økonomi- og rekneskapsområdet i NAV? Vi tilbyr ein særs spanande rolle i ein viktig organisasjon i stor endring. Moglegheitene er mange og du får høve til å vere med å påverke og utvikle NAV, ein sentral samfunnsinstitusjon som er viktig for oss alle. NAV Økonomiteneste er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester for NAV. Dette inneber mellom anna utbetaling av 450 mrd. kroner i årlege ytingar til innbyggjarar, utbetaling av lønn til NAV sine tilsette, sentralt fakturamottak, rekneskaps- og rapporteringsoppgåver, samt rettleiing for etaten sine 14 000 tilsette. NAV sitt rekneskap utgjer 1/3 av statsbudsjettet, og NAV Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Eininga består av 90 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert i Leikanger, Vestland fylke. Det skal no rekrutterast leiar til Seksjon for innkjøp, betaling og rekneskap. Meir om oss på Fremtidsfylket sine sider.

Arbeidsoppgåver/ansvar

  • Vi ser etter ein dyktig leiar med solid fagkompetanse innan økonomi og rekneskap, som skal leie Seksjon for innkjøp, betaling og rekneskap. Denne seksjonen har eit breitt ansvarsområde med ansvar for mellom anna utbetaling av NAV sine ytingar, innkjøpsoppgåver og fakturahandsaming, samt oppgåver knytt til rekneskapsføring, avstemming og rapporteringar for NAV som heilskap. Leiar for seksjonen skal sikre stabil og effektiv drift innanfor desse ansvarsområda.
  • Stillinga inneber overordna personalansvar for omkring 40 tilsette. Det er tilsett to nestleiarar på seksjonen.
  • Seksjonssjefen rapporterer til direktør og deltek i direktøren si leiargruppe.

Krav til kompetanse

  • Relevant høgare utdanning på mastergradsnivå, gjerne innan økonomisk-administrativ studieretning. Brei erfaring kan kompensere for noko lågare utdanning
  • Solid leiarerfaring, gjerne i tilsvarande stilling i offentleg eller privat verksemd
  • Omfattande erfaring innanfor økonomi og rekneskap
  • Kunnskap om og erfaring frå korleis lukkast med endringsleiing

Personlege eigenskapar/erfaring

  • For å lukkast i rolla er det viktig at du tenker heilskapleg og strategisk, og at du kommuniserer på ein god måte med ulike nivå og fagmiljø. Det er viktig å skape gode relasjonar og trygge arenaer prega av tillit, meistring og utvikling. Du samarbeider godt, lyttar, deler og inkluderer for at andre skal lukkast. Det er viktig at du er utviklingsorientert og aktivt søker ny kunnskap.
  • Ein viktig del av rolla er å sikre at NAV etterlever økonomireglementet i staten, ved å vidareutvikle rutinar for internkontroll, og legge til rette for god styringsinformasjon. For å få til dette må du vere ein god pådrivar som er synleg i organisasjonen, ha gode kommunikasjonsevner og vere ein god nettverksbyggjar.
  • Økonomiområdet i NAV er under utvikling og vi skal mellom anna ta i bruk nye løysingar for budsjett og prognose, analyse og rapportering. Det er viktig å skape engasjement og entusiasme for endringane i organisasjonen. Erfaring i å leie endringsprosessar er difor ein fordel i denne rolla.
  • Erfaring frå større offentlege verksemder er ein fordel

Vi tilbyr ei utfordrande leiarstilling i ein dynamisk etat som står i spanande endringsprosessar. Vi har gode fleksitidordningar, og testar ut ulike løysingar for ein hybrid arbeidskvardag (med ein kombinasjon av fysisk arbeidsplass og bruk av heimekontor). Stillinga blir lønna som seksjonssjef i kode 1211 i lønnsspenn 752 800,- til 825 900,-. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Det blir tilbydd god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse.

Er du klar for ein ny epoke i leiarskapet ditt? For meir informasjon om stillinga og organisasjonen kontakt våre rådgjevarar Alexander Wold Hjertaker/ Per Inge Hjertaker hjå Headvisor, tlf 97528649/ 91729682, eller direktør Herdis Ulveseth hjå NAV Økonomiteneste tlf. 99718546. Kortfatta søknad med CV snarast og seinast 03.10.21.