Digital marknadsførar - Enivest AS

Fiberbreiband og tenester er grunnmuren i det digitaliserte samfunnet.

Enivest veks og treng fleire dyktige medarbeidarar. Vi er no på jakt etter ein operativ, strukturert og engasjert digital marknadsførar til vårt hovudkontor i Førde.

Som digital marknadsførar i Enivest vil du jobbe med marknadsføring og merkevarebygging av våre tenester mot privat- og bedriftsmarknaden.

Du har god forståing for korleis ein jobbar i dei ulike kanalane - og du evnar å halde overblikk for ei heilskapleg kundereise. Du interesserer deg for godt og treffande innhald, og kan bidra med å skape synlegheit ved å optimalisere dette. Du er kreativ, og har auge for dei gode historiane. Du evnar å skape engasjement både internt og eksternt.

Du held deg oppdatert på kva som skjer, slik at du heile tida er i framkant av korleis ein jobbar i digitale kanalar. Du vil få ei viktig rolle i teamet, så evna til å vere ein pådrivar for gode merkevareopplevingar er sentral.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Sørge for synlegheit og vekst, både betalt og organisk
  • Planlegge og gjennomføre digitale kampanjer
  • Rapport og analyse av kampanjer og nettsider
  • Publisering av innhald i sosiale medier og på nettsider
  • Jobbe med SEO og inbound marketing på nettsider
  • Bidra til den digital strategien for merkevara
  • Halde deg oppdatert på teknologifronten

Ynskja kvalifikasjonar:

  • Høgare relevant utdanning
  • Gode kommunikasjonseigenskapar; tilpasse språket til ulike målgrupper og kanalar/plattformar
  • Erfaring med innhaldsproduksjon, videoproduksjon og digital historieforteljing
  • Erfaring med publiseringsverktøy, og kompetanse om brukaratferd og konvertering
  • Erfaring med kampanjestyring i de sosiale mediekanalane, og gjerne også erfaring med bruk av Google Ads
  • Flytande norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • Genuin interesse for digital marknadsføring og kommunikasjon
  • Sjølvstendig og strukturert
  • Nysgjerrig og engasjert
  • Positiv og løysingsorientert
  • Interesse for å holde deg oppdatert på teknologiutviklinga
  • Analytisk forståing

Vi kan mellom anna tilby:

  • Ei spanande stilling med stor påverkingskraft hjå ein leiande aktør
  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Fagleg dyktige kollegaer
  • Framoverlent organisasjon som satsar på sine tilsette

Dersom dette ser spennande ut, er du velkomen til å kontakta ein av rådgjevarane våre hjå Headvisor; Per Jorem (40021560) eller Janne Siri Horne (90721164).

Send kortfatta søknad med CV snarast. Alle spørsmål til rådgjevarane våre vert handsama fortruleg, inntil anna vert avtalt.