Rådmann/kommunedirektør - Eidfjord kommune

Utfordrande leiarstilling i attraktiv kommune


Eidfjord kommune søkjer ein trygg og tydeleg rådmann/kommunedirektør med ein tillitvekkjande leiarstil. Vår nye leiar må vera god på å byggja lag, vera heilskapstenkjande og ein god strateg.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Setja retning og utvikla Eidfjord kommune vidare som ein brukarorientert, open, nyskapande og kompetent organisasjon
  • Leiing og samordning av heile den administrative verksemda i kommunen
  • Vera bindeledd mellom folkevalde organ og administrasjonen
  • Vera oppteken av kommunen si rolle som samfunnsutviklar/tilretteleggjar, i tett samarbeid med politisk leiing
  • Sjå og utvikla moglegheiter for næringsutvikling i ein kommune som er rik på ressursar
  • Etablera gode relasjonar mot næringslivet i kommunen og ulike eksterne samarbeidspartar

Me ønskjer at vår nye rådmann/kommunedirektør skal vera motiverande, samlande og inkluderande. Gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid med både interne og eksterne aktørar vert vektlagt. Som rådmann må du forstå og meistra samspelet mellom politikk og administrasjon.

Søkjarar må ha relevant høgare utdanning og kunne syna til gode resultat i tidlegare leiarstilling. Den rette kandidaten er ein tydeleg leiar med god gjennomføringsevne, som trivst med leiarskap. Me kan tilby løn etter avtale og ei utfordrande leiarstilling der du, saman med dyktige medarbeidarar , vil få ei sentral rolle i kommunen si vidare utvikling.

For nærare informasjon om stillinga, kontakt ordførar Anders Vatle, tlf. 952 31 697 eller vår rådgjevar hjå Headvisor, Per Jorem, tlf. 400 21 560. Vis interesse for stillinga ved å registrera søknad og CV så snart som mogleg.

Søknad med CV innan 14.08.2022