Konsernsjef - Vest-Telemark Kraftlag

Sentral rolle i ein framtidsretta bransje!


Vest-Telemark Kraftlag er ei velrenommert verksemd i regionen. Det er ein posisjon vi ynskjer å ta vare på og vi har ambisiøse planar for framtida. Vår konsernsjef gjennom mange år går av i 2023 og vi er no på jakt etter ein ny Konsernsjef. Som Konsernsjef skal du vera strategisk drivande, samtidig som du må du vera synleg i den operative drifta. Vi ser etter kandidatar som proaktivt kartlegg korleis trendar i marknaden og ny teknologi og kunnskap kan bidra til å utvikla konsernet vidare. Som Konsernsjef vil du i tillegg ha ansvar for å utarbeida og gjennomføra konsernets forretningsstrategi på bakgrunn av dei føringar som eigarane og styret til ein kvar tid gjev.

Kraftbransjen er framleis i stadig endring og dette gjev store moglegheiter; marknaden er større og alternativa fleire. Framtidas kraftaktør må vera truverdig, sikker, kvalitetsbevisst og samstundes tilby berekraftige og miljøriktige løysingar og produkt. VTK har drive med produksjon av fornybar vasskraft i 80 år, og styret har no vedteke satsing på andre tiltak innom berekraftige energikjelder, så som sol og vind.

Vil du ha ei utfordrande og spanande leiarrolle med moglegheit til å utvikla og påverke – då er dette stillinga for deg!

Dine viktigaste oppgåver blir å leie, motivere og vidareutvikla andre leiarar og medarbeidarar i organisasjonen. Dette krev involvering og dagleg oppfylging. Du må evne å ha god økonomistyring, og har overordna ansvar for omsetning og vekst i ulike forretningsområde.

For å nå måla for konsernet må du vera framoverlent, og ha sterk gjennomføringskraft. Du må vera god til å kommunisera og å skape gode relasjonar med ulike typar menneske, både internt og eksternt. Vi forventar at du er profesjonell, men samtidig må du trivast i uformelle situasjonar. Du må evne å setja deg inn i nye saker ved ein analytisk og akademisk tilnærming, samt ha ein kommersiell tilnærming til selskapets utfordringar.

Vi ser etter deg som har solid leiarerfaring, og som kan visa til gode resultat. Du evnar å konvertere strategiske målsettingar til operasjonelle resultat og du er nysgjerrig på ny teknologi. Du treng ikkje å koma frå kraftbransjen, men det er ein fordel om du har erfaring frå tilsvarande eller tilstøytande bransjar. Vi ynskjer at du har utdanning på masternivå, gjerne kombinasjon av tekniske- og kommersielle fag.

Her kan du påverke framtida positivt, i eit berekraftig konsern!

Vi tilbyr ei utfordrande leiarrolle i eit konsern med mange spennande forretningsområder. Som vår nye Konsernsjef vil du få utvikle deg både fagleg og personleg og ha ansvaret for gjennomføringa av komplekse, kommersielle og tverrfaglege oppgåver. I VTK møter du dyktige kollegaer med interesse for faget og eit inkluderande miljø med stor takhøgde.

Er dette noko for deg? Då håpar vi å høyre frå deg!

For meir informasjon ta kontakt med ein av våre rekrutteringsrågjevarar i Headvisor; Janne Siri Horne tlf. 907 21 164, Bjørn Waagø tlf. 900 96 668, eller Merete Svendsen tlf. 951 86 331. Kortfatta søknad med CV sendes snarast og innan 15. august.