Kommunedirektør - Sauda kommune

Utfordrande leiarstilling i attraktiv kommune.


Sauda kommune søkjer ein trygg og tydeleg kommunedirektør med ein tillitvekkjande leiarstil med fokus på gjennomføring av politiske vedtak. Vår nye leiar må vera god på økonomistyring og næringsutvikling men må samstundes vera ein heilskapstenkjande og god strateg.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Vera oppteken av kommunen si rolle som samfunnsutviklar/tilretteleggjar, i tett samarbeid med politisk leiing
  • Sjå og utvikla moglegheiter for næringsutvikling i ein kommune som er rik på ressursar
  • Leiing og samordning av heile den administrative verksemda i kommunen
  • Utvikla Sauda kommune vidare som ein brukarorientert, open, nyskapande og kompetent organisasjon
  • Vera bindeledd mellom folkevalde organ og administrasjonen
  • Etablera gode relasjonar mot næringslivet i kommunen og ulike eksterne samarbeidspartar

Me ønskjer at vår nye kommunedirektør skal vera motiverande, samlande og inkluderande. Gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid med både interne og eksterne aktørar vil bli vektlagt. Som øvste leiar må du forstå og meistra samspelet mellom politikk og administrasjon.

Søkjarar må ha relevant høgare utdanning og kunne syna til gode resultat i tidlegare leiarstilling. Den rette kandidaten er ein tydeleg leiar med god gjennomføringsevne, som trivst med leiarskap. Me kan tilby løn etter avtale og ei utfordrande leiarstilling der du, saman med dyktige medarbeidarar, vil få ei sentral rolle i kommunen si vidare utvikling.

For nærare informasjon om stillinga, kontakt ordførar Asbjørn Birkeland 957 75794 eller våre rådgjevare hos Headvisor, Per Jorem, tlf. 400 21 560 eller Jan Tveit 975 39990

Vis interesse for stillinga ved å registrere søknad og CV så snart som mogleg og innan 04.09.2022.