Trivast du med leiaransvar og vert du trigga av det digitale, grøne skiftet? - Valle kommune

Valle kommune har ledig ei spennande og utfordrande leiarstilling som Økonomisjef, kan dette vere noko for deg?

Framtidas tenester i kommunen vert bygd med relevant kompetanse, medarbeidarskap, leiing og samarbeid. Saman arbeider me for at Valle kommune skal vere ein attraktiv, inkluderande og klima- og miljøvenleg kommune.

Me er no på jakt etter ein person som skal arbeide for framifrå verksemdsstyring og økonomiforvaltning, samt bidra til å vidareutvikle kommunen på tvers av tenesteområda. Me søkjer ein dyktig og framtidsretta person med strategiske evner som vil vere med å lyfte Valle kommune framover. Me ynskjer ein engasjert person som trivast med verksemdsstyring, tenkjer heilskapleg og vert motivert av moglegheitene som ligg i bruk av digitale verktøy. Du vil rapportere til kommunedirektøren, vere ein del av kommunedirektøren si leiargruppe og ha personalansvar for kompetente og engasjerte medarbeidarar i Økonomi-eininga.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for kommunen sitt budsjett, rekneskap, innkjøp, økonomirapportering, finansforvaltning, kraftsaker, eigarstyring og internkontroll
  • Tilretteleggje for effektiv verksemdsstyring og har ansvaret for å vidareutvikle systema kommunen har etablert på dette feltet
  • Personalleiing for eininga Økonomi
  • Vere kommunedirektøren sin rådgjevar og støttespelar innan økonomiske og finansielle problemstillingar
  • Bidra til å modernisere og forenkle arbeidsprosessar og å ta i bruk nye digitale verktøy
  • Bidra til ein positiv kultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar:

  • Evne til målretta, strategisk og strukturert arbeid.
  • Stor arbeidskapasitet i ein travel kvardag
  • Løysings- og samarbeidsorientert
  • Gode kommunikasjonseigenskaper munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar vert vektlagde.

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning innan økonomiske fag frå universitet/høgskule
  • Relevant erfaring frå tilsvarande rolle i privat eller offentleg sektor
  • Erfaring frå verksemdsstyring
  • Analytiske eigenskapar og innsikt i drivarar i kommuneøkonomien
  • Leiarerfaring
  • Digital kompetanse og kjennskap til kvalitetsarbeid

Me tilbyr:

  • Ei nøkkelrolle i kommuneadministrasjonen og del av kommunedirektøren si leiargruppe
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver med fleksibel arbeidstid i eit godt arbeidsmiljø
  • Kollegaer med fagleg breidde, godt humør og som har lyst til å gjere ein skilnad
  • Løn etter avtale, god pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe rimeleg bustad
  • Bedriftsleilegheit sentralt i Kristiansand
  • Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper

Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppmoda om å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal pregast av mangfald. Aktuelle kandidatar vert inviterte til intervju. Namnet ditt vil normalt verte offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om namnet ditt vert unnateke offentlegheit, men då må du grunngjeve dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du verte varsla før søkjarlista vert ferdigstilt.

For meir informasjon om stillinga er du velkomen til å ta kontakt med kommunedirektør Vidar Homme, tlf; 900 18 240, eller rådgjevarane våre i Headvisor, Merete Svendsen, tlf; 951 86 331, Janne Siri Horne, tlf; 907 21 164.

Søknad / CV sendast snarast.