Dagleg leiar - Vest kontroll

Noverande leiar går av med pensjon og vi søkjer ny Dagleg leiar

For oss i Vest kontroll handlar kvardagen like mykje om å byggje kompetanse som å avdekkja feil. Difor arbeider vi tett saman med kontrollutvala, revisorane, kommunestyra og administrasjonane med høg fokus på god og riktig rådgjeving. Vi tek hand om det praktiske arbeidet for kontrollutvala, det vere seg alt frå: førebu saker til behandling i kontrollutvala, utarbeide planar for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll, arrangere kurs for kontrollutvala og de samareidande kommunane, i tillegg driv vi kontinulerig rådgjeving og fyl opp kontrollutvala sine saker. Vi tilby òg tilleggstjenester i grensesnittet mellom sekretariatsfunksjoner og revisjon.

Vi søkjer etter deg med relevant leiarerfaring og med god kunnskap om offentleg verksemd og politiske prosessar. Du har høgare relevant utdanning, helst på masternivå. Du viser god rolleforståing og er vant med å handtere formelle prosessar i politisk styrte organisasjonar. Du har stor evne til strategisk heilskapstenking; du må kunne balansere fagkunnskap, organisatorisk-/økonomisk forståing og samfunnsinnsikt. Du veit korleis du skal lose krevjande prosessar i hamn og har leiareigenskapar som gjer at du står fram som trygg, kommuniserande og ansvarleg også i vanskelege situasjonar. Du er robust og må i periodar tåle stor arbeidsbelasting og å stå i krysspress. Vidare har du god munnleg og skriftleg framstillingsevne (målform er nynorsk). Personlege eigenskaper vil særleg bli lagt vekt på ved tilsetting.

Vi kan tilby:

  • Konkurransedyktig løn. Gode pensjon- og forsikringsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid og ekstra fridagar
  • Gode kurstilbod
  • Ei viss form for heimekontor kan drøftast

Jobben medfører reiseaktivitet. Den som vert tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil i tenesta.

Kontorsted; Brandalsstranda 1031, 6149 Åram.

Videre prosess:

I samsvar med offentleglova § 25, gjer vi merksam på at opplysningar om søkarane kan offentleggjerast sjølv om det er bedd om konfidensiell behandling. Søkarane blir i tilfelle varsla på førehand om dette.

For nærare informasjon om stillinga kan du kontakte våre rådgivar i Headvisor, Kirsti Kalseth Sjøhaug, tlf. 977 31 680 eller styreleiar Frank Willy Djuvik tlf. 926 26 976. Alle førespurnadar blir behandla konfidensielt inntil anna er avtalt.

Søknadsfrist er 5. oktober 2022, men vi vil gjerne at du visar interesse i god tid før fristen er ute.