Dagleg leiar - Visit Eidfjord KF

Tidlegare har Visit Eidfjord KF sine oppgåver blitt ivaretekne av Destinasjon Eidfjord AS og Eidfjord kommune, men selskapa er no under ei større reorganisering. Målet er å sikre Visit Eidfjord KF gode vilkår for å møte framtidas krav. Dagleg leiar vil bli ein nøkkelperson i dette arbeidet, med store mogelegheiter til å organisere eigne arbeidsoppgåver og legge til rette for ei positiv utvikling av selskapet.

Nøkkelfunksjonar og ansvar for dagleg leiar:

  • Totalansvar for Eidfjord Hamn
  • Sikra ei berekraftig utvikling av Eidfjord som reisemål
  • Representere Hardanger, Eidfjord og Ulvik i cruisesamanheng
  • Tryggleik- og beredskapssystem
  • Økonomi- og personalansvar for selskapet
  • Bygge gode relasjonar med selskapet sine interessentar
  • Vere ein aktiv partner for andre destinasjon- og reiselivsselskap
  • Vere ein aktiv partner i arbeidet med å styrke ein internasjonal destinasjon
  • Ha ein aktiv rolle og vere part i framtidige prosjekt i eit selskap under utvikling. Eksempelvis er det planlagt landstraum i Eidfjord kommune
  • Ivareta kommunen sin vertskapsrolle for turistar, gjennom drift av turistinformasjon

Krav til kvalifikasjonar:

  • Kjennskap til cruise bransjen og kunnskap om hamnedrift
  • Leiarerfaring
  • God økonomisk forståing
  • Gode språkkunnskapar, då særleg engelsk både munnleg og skriftleg
  • Relevant utdanning, minimum på bachelornivå. Lang relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning

Personlege kvalifikasjonar:

  • Du er personleg oppteken av berekraft og ønskjer å jobbe med dette på ein systematisk måte
  • Du får ting til å skje og tek initiativ
  • Du er komfortabel med å jobbe visjonært og strategisk
  • Du har sterke mellommenneskelege- og kommunikative ferdigheiter
  • Kjennskap til regionen vil vere ein fordel

Rollen som dagleg leiar for Visit Eidfjord inneheld meiningsfylte og varierte oppgåver, og du har store mogelegheiter til å påverke ein viktig destinasjon for vest Norge. Du vil stå sentralt i utviklinga av organisasjonen, og det vil vere store mogelegheiter for å utvikle din eigen rolle vidare mot leiing, hamneaktivitetar og berekraft. Som dagleg leiar har du ein viktig rolle for Hardanger, og du må arbeide både sjølvstendig og i ulike team. Du vil ta del i internasjonalt marknadsføringsarbeid og du må pårekna ein del reising. Kontorstad er Eidfjord

For rette vedkomande tilbyr Visit Eidfjord KF:

  • Fleksibel arbeidstid store deler av året
  • Eit aktivt styre som vil vere ein viktig arena for dagleg leiar
  • God pensjonsordning
  • Konkurransedyktig løn etter avtale

For spørsmål kan du kontakte rekrutteringsrådgiver Per Jorem hos Headvisor tlf. 400 21 560, eller styreleiaer Anders Vatle på 95231697.

I samsvar med offentlighetsloven § 25 gjør vi også oppmerksom på at opplysninger om søker kan offentliggjøres selv om det er bedt om konfidensiell behandling. Dersom ønsket om å bli unntatt offentlighet ikke blir etterkommet, vil du få beskjed om dette.